I etteroppgjer etter Rana Plaza-katastrofen har det danske OECD-kontaktpunktet funne at eit nordisk herreklærkonsern ikkje hadde gode nok kontrollrutinar for leverandørar.
Det nordiske konsernet PWT Group som m.a. eig herreklærkjeden Wagner, hadde ein leverandør, firmaet New Wave Style, med produksjon i Rana Plaza i Dhaka, Bangladesh. Som kjent kollapsa bygningen der i april 2014. 1138 personar omkom og meir enn 2000 blei såra. I ettertid klaga to danske sivilsamfunnsorganisasjonar det nordiske konsernet inn for det danske OECD-kontaktpunktet.
Kontaktpunktet har no kome til at konsernet ikkje kunne dokumentere at det hadde gode nok kontrollar eller godt nok kontrollsystem med arbeidsvilkåra hos leverandøren.
– Den danske avgjerda er viktig også for norske kleskjeder, uttaler professor Ola Mestad, leiar av det norske OECD-kontaktpunktet.
Det danske Kontaktpunktet uttaler at “virksomhetens beslutnings- og risikostyringssystemer og de i relation til New Wave Style på ulykkestidspunktet gjennemførte tiltag, ikke levede opp til [OECD-] retningslinjernes forpligtelser til at forebygge og afhjælpe aktuelle og potentielle negative indvirkinger.”
Det er likevel slik at mangelfull kontroll ikkje gjer PWT Group medansvarleg for sjølve kollapsen av bygningen, men i etterkant av ulykka har også krav til kontrollar blitt skjerpa.
– Avgjerda til det danske Kontaktpunktet viser til fulle at importbedrifter har eit ansvar for menneskerettar og arbeidsvilkår i heile sin leverandørkjede og at både prosedyrar og tiltak må setjast i verk for at dette blir oppfylt. Samstundes viser klagesaka kor viktig det er at sivilsamfunnsorganisasjonar som klagarane Clean Clothes Campaign, Danmark, og Aktive Forbrugere, gjer aktiv bruk av klageordningane under OECD-retningslinjene, påpeker Mestad.
Les saka i sin heilhet via linkane nedanfor: