Oslo: Grunnleggande innføring i aktsemds-vurderingar og erfaringar med openheitslova.
Her vil du lære meir om samanhengen mellom openheitslova og OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap om ansvarleg næringsliv, med særleg vekt på aktsemdsvurderingar.
Samlinga er praktisk retta og fokuserer på korleis verksemder kan utføre gode aktsemdsvurderingar. Det vert innlegg frå arrangørane og frå verksemder som deler erfaringar frå arbeidet med openheitslova. Det vert òg lagt opp til diskusjonar rundt implementering, utfordringar og dilemma knytt til lova. Ein forventar at deltakarane deltek aktivt i diskusjonane.
Tid og stad:
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo
14. mai 2025 (08:30 – 13:00)
Påmeldingsfrist 6. mai.
Sjå programmet her
Deltaking er gratis. Gå til påmeldingsskjema
Vi gjer merksam på at programmet kan verta endra.
Bergen: For vidarekomne verksemder
Forbrukartilsynet, Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv og FUTURE-PROOF inviterer til djuptgåande arbeidsøkt for verksemder som har kome godt i gang med arbeidet med openheitslova og aktsemdsvurderingar.
Samlinga går over to dagar, og vil ha særleg fokus på tiltak, interessentdialog og gjenoppretting. Gjennom diskusjonar og innlegg frå ekspertar og verksemder vil deltakarane få auka kunnskap om iverksetting og oppfølging av tiltak, korleis aktsemdsvurderingar vert styrka gjennom involvering av interessentar, korleis ein sikrar meiningsfylt interessentdialog, og korleis ein kan sørge for eller samarbeide om gjenoppretting. Samlinga legg til rette for diskusjon og det blir forventa at ale deltakarane bidreg aktivt i diskusjonane.
Tid og stad:
Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven 8, 5014 Bergen
6.-7. mai 2025 (09.00 – 15.00; 09.00 – 14.30)
Påmeldingsfrist 28. april
Sjå programmet her
Deltaking er gratis. Gå til påmeldingsskjema
Vi gjer merksam på at programmet kan verta endra.