
Tid og stad: 7. september, kl. 09.00-15.30 i Regjeringskvartalet
Vertskap: Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv, i samarbeid med Utanriksdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
Konferansierar: Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen, NHH Norges Handelshøyskole
Påmeldingsfrist 1. september.
I 2026 er det 50 år sidan OECD sine retningsliner for fleirnasjonale føretak om ansvarleg næringsliv (Retningslinene) ble vedtatt – den mest etablerte globale standarden for ansvarleg næringsliv. Dette er regjeringane sine tilrådingar til næringslivet og Noreg har vore ein aktiv bidragsytar sidan starten. Jubileet markerer eit viktig tidspunkt for å synleggjere retningslinene si relevans i dagens situasjon, prega av geopolitisk uro, teknologisk utvikling, klimaomstilling og skjerpa krav til aktsemd og openheit. Markeringa vil syna korleis retningslinene kan vera til hjelp for styresmaktene, næringsliv, fagrørsla og sivilt samfunn og løftar fram følgande aktuelle tema.
Rettferdig omstilling: Ei grøn energiomstilling er naudsynt for å redusera dei negative konsekvensane av klimaendringane. Det fører med seg ei kraftig vekst i den globale etterspurnaden etter mineralressursar og landareal til sol- og vindparkar. Verdsbanken har estimert at over halvparten av verdas kjente reservar av kritiske mineral finnas på eller nær urfolk sine landområde. Rettferdig omstilling handlar om korleis dette skiftet kan gjennomførast på ein måte som tek vare på menneskerettar, natur og lokalsamfunn.
Kunstig intelligens og ansvarleg næringsliv: Kunstig intelligens (KI) gjev store moglegheiter for innovasjon, effektivisering og betre grunnlag for avgjerder. Men, det inneber ogso risiko som både styresmakter og næringsliv må handtere. Ansvarleg databruk, algoritmisk risiko, ikkje-diskriminering og transparens er sentrale element i ansvarleg bruk av KI, og eit naudsynleg grunnlag for at moglegheitene i KI kan realiserast.
Openheitslova – erfaringar so langt og vegen vidare: Openheitslova er unik fordi ho gjer OECD sine aktsemdsvurderingar til eit lovkrav og gjev allmenta lovfesta rett til informasjon frå verksemder. Kva er erfaringane etter fire år med lova? Kva bør gjerast for å sikra at den bidreg til å fremme menneskerettar og bidreg til likare konkurransevilkår? Etter fleire ekstraomgangar vart EU sitt direktiv for aktsemdsvurderingar endeleg vedteke våren 2026. Korleis vil dette påverka arbeidet med openheitslova vidare?
Tilgang til oppreisning: Tilgang til effektive klagemekanismar og oppreisning for negative konsekvensar for arbeids‑ og andre menneskerettar er framleis ei sentral utfordring for både statlege og ikkje‑statlege aktørar. Kva lærdom kan vi ta med oss frå fotball‑VM og andre store idrettsarrangement når det gjeld å etablere mekanismar som kan sikre reell og effektiv oppretting i framtida? Denne programdelen er utvikla i samarbeid med Noregs Fotballforbund.
Del I: Markering av OECD sine retningsliner 50 år
(Denne delen vil haldast på norsk)
09.00 – 09.30 Registrering og kaffi
09.30 – 09.35 Velkomen, Frode Elgesem og Kristel Tonstad, Norges kontaktpunkt for ansvarlig nærlingsliv
09.35 – 10.00 Frå frivillig rammeverk til lovkrav – 50 år med ansvarleg næringsliv, Allan Jørgensen, OECD og Henrik Syse, PRIO
10.00 – 10.10 Global uro og norske vegval, Næringsminister Cecilie Myrseth
10.10 – 10.45 Tryggleik, energi og omstilling: Må menneskerettane vike i krisetider?
Panelsamtale med Silje Karine Muotka, Sametinget, Henriette Jevnaker, LO og Bård Vegar Solhjell, Fornybar Norge
10.45 – 11.00 Klima- og miljømåla etter Paris: Kvar står verda og kvar går Noreg? Christine Tørklep, Cicero
11.00 – 11.45 Lunsj
11.45 – 12.00 Ansvarleg bruk av KI: Risiko, regulering og konkurransekraft, Ishita Barua, Universitetet i Agder
12.00 – 12.10 OECD og det internasjonale samarbeidet, Christian Syse, Noregs ambassadør til OECD
12.10 – 13.00 Openheitslova: Verknad so langt og vegen vidare, Innleiing ved Barne- og familieminister Lene Vågslid
Panelsamtale med m.a. Christoffer Bjørnum, Forbrukertilsynet, Tale Hungnes, Framtiden i våre hender, Espen Knudsen, Revisorforeningen og Steinar Olsen, Stormberg
JUBILEUMSKAKE med musikk av Bretton Woods
Part II: Access to remedy – legacies from the past and learnings for the future
(Denne delen vil haldast på engelsk)
13.45 – 13.55 Opening remarks, State secretary Andreas Kravik, Ministry of Foreign Affairs
13.55 – 14.10 Why does the football federation engage with human rights? Lise Klaveness, Norwegian Football Federation
14.10 – 14.55 Access to remedy in sports: From commitment to practice
Report launch: Operational-level grievance mechanisms at sport events, Centre for Sport and Human Rights
Panel discussion with a.o. Lise Klaveness, Norwegian Football Federation, William Rook, Centre for Sport and Human Rights, and Allan Jørgensen, OECD
14.55 – 15.25 Beyond sports – building remedy ecosystems for the future
Panel discussion with a.o. Mauricio Lazala, OHCHR, Linnea Wikström, Building and Wood Workers International (BWI), John Peder Egenæs, Amnesty International – Norway and Bjørn Kjetil Mauritzen, Hydro
15.25 – 15.30 Closing remarks
