Klaga vart levert i september 2023 av Machi Millaray-Huichalaf og rådet av lonkos, og omfattar ei lang rekke av Mapuche-Williche folkets lokalsamfunn i Sør-Chile. Den omhandlar aktsemdsvurderingar i samband med utbygging av tre vasskraftverk i Pilmaiquén elva.  

Klagarane meiner mellom anna at Statkraft ikkje har gjennomført aktsemdsvurderingar i tråd med OECDs retningsliner for ansvarleg næringsliv, med særleg vekt på mangelfull involvering av urfolk med tanke på landrettar, miljøkonsekvensar og religiøse tradisjonar. Etter OECDs retningsliner er selskap forventa å gjennomføra aktsemdsvurderingar for å kartlegga, hindra og avgrensa negativ påverknadmiljø og menneskerettane, og gjera greie for korleis dette vert handtert.

Vurderinga av kor vidt Kontaktpunktet skal ta klaga mot Statkraft til handsaming er basert på dei seks kriteria i prosedyrerettleiinga i OECDs retningsliner og  Kontaktpunktets prosedyrereglar. Kontaktpunktet vurderer at eit tilbod om dialog mellom klagarane og Statkraft om delar av klaga kan bidra til å fremma føremålet til OECDs retningsliner. Kontaktpunktet har i denne fasen ikkje vurdert kor vidt Statkraft har handla i samsvar med OECDs retningsliner eller ikkje. 

Klaga vert handsama av det norske kontaktpunktet, med det chilenske kontaktpunktet som støtte.  

Les Kontaktpunktet si innleiande vurdering (Initial Assessment) og meir om enkeltsaka her. 

Ved spørsmål om saka, kontakt leiar i Kontaktpunktet, Frode Elgesem (frode.elgesemATgmail.com / 416 96 089). 

Klikk her for nyheitssaka på spansk. / Versión en español aquí.