Fagfellevurderinga av Kontaktpunktet vert offentleggjort og lanserast 27. april.
Gjennomgangen løftar fram eit truverdig, kunnskapsrikt og tilgjengeleg kontaktpunkt – samstundes som han peikar på konkrete og konstruktive forbetringspunkt, særleg knytt til mandat, prioriteringar og sakshandsamingstid.
Foto: Kontaktpunktet
Hausten 2025 gjennomførte representanter frå dei nasjonale kontaktpunkta for ansvarleg næringsliv i USA og Luxembourg og frå OECD ei sokalla fagfellevurdering («Peer Review») av Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv. Målet med slike gjennomgangar er å identifisera god praksis og forbetringspunkt, og er ein del av OECD sine tiltak for felles læring på tvers av dei 52 nasjonale kontaktpunkta.
16 nasjonale og internasjonale interessentar, både private og offentlege, svarte på spørjeskjemaet frå OECD i forkant av feltbesøket til Oslo i september 2025. I løpet av to og en halv intense dagar i Oslo møtte evalueringsteamet over 50 representantar frå ei brei gruppe sektorar og aktørar som bidrog aktivt med innspel og kommentarar til evalueringsteamet.
Organisering er viktig for truverdet, mandatet bør oppdaterast
Rapporten peikar på at interessentane set pris på den noverande organiseringa av Kontaktpunktet, med uavhengige ekspertar og sekretariatet i Utanriksdepartementet og at dette støttar opp under truverdet og upartiskheita til Kontaktpunktet. Kontaktpunktet vert ogso sett på som kunnskapsrikt og tilgjengeleg av interessentane.
Kontaktpunktet sitt mandat vart sist oppdatert i 2022, medan OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap om ansvarleg næringsliv (Retningslinene) vart oppdatert i 2023. Fagfellevurderinga tilrår at styresmaktene oppdaterar mandatet, mellom anna med tanke på å løfta fram kontaktpunkta si forsterka rolle i politikkutvikling i tråd med den siste oppdateringa av Retningslinene, samt å forankra mandatet i ei større gruppe departement enn tilfellet er i dag.
Godt tilbod av verktøy og kurs, viktig å prioritera
Når det gjeld arbeidet med å fremma Retningslinene, konkluderer rapporten med at Kontaktpunktet har utvikla og tilbyr ei rekke verktøy og aktivitetar som vert sett pris på av interessentane, som til dømes kurs, ansvarlegheitskompasset og dilemmasamlinga.
For å utnytta dei avgrensa ressursane mest mogleg effektivt tilrår rapporten at en prioriterer ressursane på områder der Kontaktpunktet har særlig ekspertise. Interessenter etterspør også veiledning om til dømes ansvarleg næringsliv i krig- og konfliktkontekstar og miljø og klimarelaterte spørsmål.
God handtering av enkeltsaker, tidsbruken er tidvis utfordrande
Handtering av enkeltsaker / klagesaker er sentralt i Kontaktpunktet sitt oppdrag. I fylgje fagfellevurderinga er interessentane godt nøgde med måten Kontaktpunktet handterer desse sakene, og set pris på upartiskheita, openheita og uavhengigheita til Kontaktpunktet i dette arbeidet. Dei oppdatere prosedyrereglane har tydeleggjort prosessen i handteringa av enkeltsakene.
Ei utfordring rapporten peikar på er tida frå start til slutt i ein del av sakene, og Kontaktpunktet vert tilrådd å sjå på tiltak som kan redusera tidsløpet i handsaminga av sakene.
Samarbeidet med departementa bør vidareutviklast
Rapporten understrekar at Kontaktpunktet har eit godt samarbeid med fleire departement, både når det gjeld konkrete aktivitetar og implementering av aktuell politikk, men oppmodar ogso dei aktuelle departementa til å dra nytte av Kontaktpunktet sin ekspertise på ein meir systematisk og strukturert måte på relevant politikkområde, inkludert i tverrdepartementale dialogar og koordinering innanfor ansvarleg næringsliv.
Dette har vore ein interessant og lærerik prosess for oss. Noko av det viktigaste er at me har fått stadfesta at interessantene har stor tillit til oss, og at dei ser på Kontaktpunktet som uavhengig, tilgjengeleg og fagleg sterkt. Det er eit godt grunnlag å bygga vidare på, sjølv om me óg har fått noko å arbeida med. Eg er særs takksam for den store innsatsen peer review-teamet og vårt eige sekretariat har lagt ned for å få gjennomført evalueringa, og for den positive interessa og bidraga fra alle interessentane våre.
Frode Elgesem, leiar i Kontaktpunktet
Foto: Kontaktpunktet
Rapporten vert offentleggjort på OECD sine nettsider måndag 27. april. Her finn du ogso fleire rapportar og meir informasjon om fagfellevurderingar av dei nasjonale kontaktpunkta:
National Contact Points Peer Reviews | OECD
Meld frå til sekretariatet via e-post til oecdncp@mfa.no om du vil vera med på lanseringsmøtet i Oslo 27. april kl. 1100 -1230. Her vil ogso medlemmer av evalueringsteamet delta.
Du kan ogso ta kontakt dersom du ynskjer å lesa rapporten i forkant av lanseringa.
